6. mai 2015

Even Lusæter


















Ein presentasjon av årets artistar
Even kjem frå Heidal i Nord-Gudbrandsdalen, og er no busett i Vågå. Han er 34 år, og har i arbeidsfør alder arbeidd med alt anna enn litteraturformidling. Even er utdanna agronom og har arbeidd som agronom og gravemaskinførar. Han har studert nordisk og historie på Universitet i Oslo. Han er for tida tilsett ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule som norsklærar. Men han ser på seg sjølv som ein maskinførar med litteraturinteresse, seier han. Even er folkemusikar og har gjennom åra fått mykje sceneerfaring frå kappleikar og ymse speloppdrag. Men etter kvart vart det meir og meir spørsmål om diktopplesing, formidling av lokal kultur, kjøkemeister- og konferansier-jobbar.

I saman med ei gruppe som heiter TRI har han det siste året laga fleire førestellingar med lokale diktarar som Olav Aukrust, Tor Jonsson, Ragnvald Skrede, Knut Hamsun og Jan-Magnus Bruheim.

Han har ei høg stjerne hjå skjåkværane
Even har ei høg stjerne i Skjåk. Han vart nemleg nummer to i NM i litteraturformidling i Arendal kulturhus i september 2014, og han vann publikumsprisen. Diktet han framførte var "Den annsame" av Skjåkdiktaren Jan-Magnus Bruheim. Ingen les dikt slik som Even!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar