Overnatting


Her er ei oversikt over overnattingsmoglegheiter i Skjåk



Transport til Skjåk

Dei fleste kjem til Skjåk med bil. Kommunen ligg langs med Riksveg 15 mellom Lom og Stryn (på austsida fjellet). Vest i kommunen – før tunnelane ned til Stryn – går vegen til Geiranger.
Vegen Skjåk-Stryn over Grotli er ein av våre kjente overgangar (ofte og feilaktig kalt «Strynefjellet»). På vinteren kan det vere lurt å sjekke trafikkmeldingar frå Statens Vegvesen om du frykter ruskevêr. Sjå trafikkmeldingar for Riksveg 15 her. 
Skjåk Hytteservice har ei eiga heimeside med webkamera frå Grotli – det kan og vere lurt å sjekke dette.
På sumaren er to andre fjellovergangar opne som kan bringe deg raskt til Skjåk. Vi snakkar om Sognefjellet og Valdresflye. Sjå trafikkmeldinger for Fylkesveg 55 over Valdresflye her og Fylkesveg 51 over Sognefjellet her. 
Den viktigste somaropne vegen, er likevel vegen frå Skjåk til Geiranger. Du finn trafikkinformasjon om denne her: Fylkesveg 63 Geiranger-Langvatn.
Vi vil og nemne at Skjåk og Stryn har ein av dei flotte Nasjonale turistvegane på deling. Dette er Gamle Strynefjellsvegen (som ber namnet sitt med rette!). Denne er vinterstengt. Les meir om vegen her.



Ei oversikt over kva som skjer i Skjåk



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar