Diktarar frå Skjåk

Kjende diktarar frå Skjåk


Bruheim, Jan-Magnus (1914-1988)

Høydal, Aslaug (1916-2007)

Sandum, Finn (1948- )

Ørjasæter, Tore (1886-1968)

Øygard, Olav (1885-1960)



Syskenringen
Ei natt då eg låg og drøymde,
drøymde eg om eit band.
Eit band som gjekk over alle
grensor, og alle land.

Ein drøymer så mangt. Men undren
vart eg vel då eg fekk sjå
at dette eg trudde var eit band
tok til å livna – og gå.

Då såg eg tusuntals hender
hekta i hop til eit band
som gjekk over alle grensor
og gjekk gjennom alle land.

Det var både ung og gamal,
det var småborn med far og mor.
Dei laga så sterk ein syskenring
som rokk kring den heile jord.

Jan-Magnus Bruheim
«Syskenringen og andre barnedikt»

Fred
Ein blåsande julekveld
seg eg meg ned
og undrast korleis
vi kan skapa fred.

Fredsfyrsten var det
dei kalla han
som lyste ut fred 
over folk og land.

Eg sit her og tenkjer  –
Tru bodskapen når
til dei som lyt leva
der ufreden rår?

Mange trur enno
den dag i dag
at freden kan vinnast
med knyttneveslag.

Ein mann som eg møtte,
han sa det slikt:
Å tru noko anna
er dumskap og dikt!

Likevel har eg
så barnsleg ei tru,
at vi over usemja
kan byggje bru.

Det meiner no eg.
Men kva meiner du?

Jan-Magnus Bruheim
Bekken syng og andre barnedikt

Tryggleik
Du leika barneglad 
på draumblå eng
og nokon stelte kjærleg
kring din gror.
Det rørde stille
ved din hjartestreng
ei glede. Du er rik:
Du har ei mor.

Til undring vakna du
og spørsmål grov.
Men nokon gjekk ved sida
og gav svar
så alt låg klårt
for synet – inn og ut.
Og du er trygg og glad:
Du har ein far.

Langt frampå vegen
nokon stod og venta.
Glad spurde du
i undring: Er du h e r?
Da dulpa hjarta tungt
og sterkt av lukke:
På jordi finst det ei
som du har kjær.

Det kom ei tid
da steinar støytte foten
og du gjekk sjuk og sår
av angst og gru.
Da voks dei venger ut
som bar deg over
til tryggleik trass i alt:
Du har ei tru.

Jan-Magnus Bruheim
Bok: Menneskehagen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar