Om festivalen

EIT NYTT OG SPENNANDE TILBOD I SKJÅK  OG OTTADALEN
- med  klassisk musikk og dikt


Vi er ei gruppe med initiativtakarar som ynskjer å arrangere ein musikkfestival med klassisk musikk kombinert med dikt - med og utan tonar av lokale forfattarar i Skjåk. Skulle vi lukkas med festivalen i år, så kan dette bli eit fast opplegg kvart år som kan vidareutviklast.

Fred, tryggleik og kjærleik

I år vil vi også vere med å markere at det er 70 år sidan frigjeringa. Dette vil bli markert med ein fredskonsert, ei utstilling og kranspålegging ved bautaen over falne i Skjåk under krigen 1940 - 45 ved Nordberg kyrkje. Eit gjennomgåande tema under festivalen er fred, tryggleik og kjærleik.

Vi gler oss til festival - kanskje får vi sjå deg der?


Velkomen skal du vere!

Vennleg helsing frå
Kåre Gloslie
Arnborg Teigum
Sigrun Eide
Pål Svindland
Håvard Krogstad Berger



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar